PRESSEMELDING: Akuttberedskapen er opprettholdt i ferietiden

Skriv ut PDF

Pressemelding fra Statens helsetilsyn

Nærare opplysningar:

Seniorrådgjevar Bjørn Jamtli, telefon 41 22 33 91
Fung. direktør  Geir Sverre Braut, telefon 95 88 72 21

AKUTTBEREDSKAPEN OPPRETTHALDEN I FERIETIDA

Statens helsetilsyn har gjort ei landsomfattande kartlegging av bemanning og kompetanse hjå personellet på alle ambulansebilar som var i akuttberedskap her i landet på dagtid tysdag 14. juli 2009. Helseføretaka (sjukehusa) fekk for to veker sidan melding om at vi ville gjere ei slik kartlegging i sommar, men dagen for kartlegginga var ikkje gjort kjent på førehand.

Resultata frå kartlegginga syner at det var heile 488 bilar i beredskap, dei fleste på døgnbasis. Dette er om lag 1 bil per 10.000 innbyggjarar, og svarar til den beredskapen som ein har også utanfor ferietida. I kartlegginga vår har vi berre funne at to bilar i heile landet var tekne ut av akuttberedskap på grunn av feriesituasjonen.

For 377 av bilane (77 %) var bemanning og personellkompetanse i samsvar med dei formelle kompetansekrava som er stilte i § 17 andre ledd i forskrift om akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus. I 109 tilfelle (22 %) var ikkje forskriftskrava fullt ut oppfylde, men den samla kompetansen til personellet på bilen var slik at tenesta ikkje kan kallast uforsvarleg. Det høyrer med å nemne at forskrifta opnar for ein overgangsperiode på visse vilkår når det gjeld oppfylling av kompetansekrava til 1.4.2010.

For eit av tenesteområda (Helse Førde HF, Sogn og Fjordane) konkluderer vi med at to bilar ikkje var forsvarleg bemanna. Dette vil bli nærare følgt opp overfor dette helseføretaket i samband med tilsynssak som alt er på gang i forhold til ambulansetenesta der.

Sjølv om Statens helsetilsyn meiner at akuttberedskapen er oppretthalden i ferietida, er vi urolege for sider ved det biletet som kartlegginga syner. Det er ganske omfattande bruk av vikarar. Kompetansen til desse er sterkt varierande og i ulik grad sikra gjennom opplæring. Vidare ser vi at ein mange stader framleis i dag har så store avvik frå forskriftskrava at dei vil ha problem med å kome i mål med fullverdig kompetanse innan 1.4.2010 når overgangsordninga sluttar å gjelde.

For stoda i dei ulike ambulanseområda, sjå tabellen:

Bilambulansar på vakt tysdag 14. juli 2009 kl. 08 -15
Helseføretak Totalt I samsvar med forskrifta Ikkje i samsvar med forskrifta Vurdert som uforsvarleg
Helse Finnmark 30 15 15 0
UNN 47 30 17 0
Nordlandssykehuset 30 20 10 0
Helgeland sykehus 16 4 12 0
Helse Nord-Trøndelag 25 25 0 0
St. Olavs hospital 27 21 6 0
Helse Nordmøre og Romsdal 21 20 1 0
Helse Sunnmøre 17 13 4 0
Helse Førde 28 18 8 2
Helse Bergen 25 17 8 0
Helse Fonna 18 11 7 0
Helse Stavanger 15 14 1 0
Sørlandet sykehus 29 27 2 0
Sykehuset i Vestfold og Telemark 28 26 2 0
Vestre Viken 26 24 2 0
Oslo universitetssykehus 39 38 1 0
Sykehuset innlandet 50 39 11 0
Sykehuset Østfold 17 15 2 0
         
  Totalt 488 377 109 2
    77% 22% <1%

(Med atterhald om mogelege reknefeil.)