Turnusleger er usikre på livredding

Skriv ut PDF

På oppdrag frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fire kommunelegar i Sogndal undersøkt kva turnuslegane lærer før dei er ferdig utdanna legar. Studiet som er utført våren 2007 og hausten 2008 viser at berre halvparten av dei spurde føler seg sikre nok til å utføre hjarte- og lungeredning sjølv.

Åleine på vakt
- Det mest overraskande er at mange ikkje får med seg akuttmedisinke ferdigheiter verken på sjukehus eller i kommunehelsetenesta. Det betyr at dei ikkje føler seg kompetentetil å drive hjarte- og lungeredning på eigahand seinare, seier hovudforfatter Annelise Skeie.

Ho meiner at det er spesielt viktig at dette er kunnskap som er på plass blant legar ute i distrikta.
- I mange kommunar er ein åleine på vakt, påpeikar Skeie.

Får assistanse
Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk, er ikkje overraska over det som kjem fram i studiet.
- Turnustida er ei læretid, og etterpå er det ei praksistid der ein må lære det meste, seier Breidablikk som ikkje meiner funna er dramatiske.
- Til ein stor del av dei praktiske ferdigheitene får ein assistanse av for eksempel ambulansetenesta, seier han.

Kvaliteten kan gå ned
Kvaliten på turnustenesta har i fleire år vore utsett for mykje kritikk, og mange turnusleger har vore lite nøgde. Breidablikk meiner likevel det ikkje er grunn til å bekymre seg for myke.

- Eg trur turnuslegar vert tekne betre vare på enn nokon sinne, seier han.

Men han medgjev likevel at kvaliteten kan gå noko ned, fordi Helse Førde har for mange turnuslegar å ta hand om, og rettleiinga fungerer ikkje alltid like godt. Annelise Skeie oppmodar helseføretaka til å følgje opp turnuslegar betre.

Skremmande undersøkjing
Foretakstillitsvald for Yngre Legers Forening i Helse Førde, Thomas Birkenes, synest tala som kjem fram i studiet er skremmande høge. - Eg er overraska over at så pass mange meiner dei ikkje er kompetente i ein del akuttsituasjonar. Viss det gjenspeglar røyndomen er det skremmande, seier Birknes.